Kjære norske kvinner! Vi må ta oss kraftig saman. Den norske familien er i krise og det er vår skuld. Skilsmissestatistikken har floksa rett i veret eine og aleine fordi vi har satsa altfor mykje på likeverd og karrierer dei siste åra. Dette går no groteskt utover den norske mannen. Han lider. Dette må vi retta opp umiddelbart. Vi kan ikkje ha slikt hengande på våre spinkle skuldre. Vi må for ein gongs skuld stilla krav til oss sjølv og læra oss å holda kjeft. Fanken, jenter, skjerpings! Vi må læra oss å lytta og å laga mat. Til mannen. Og vi må ha meir sex. Det pules altfor lite i Noregs land no om dagen. Vi betjener mennene våre altfor lite. Sei meg, har våren slutta å påverka hormonane våre? Eller er vi altfor opptekne med å leike karrierekvinner? Slutt å vær så grådige og storforlangande, ta ansvar rett og slett!
Du kan for eksempel:
1. Ta av deg dei raude strømpene litt brennkvikt! Å vera feminist er usexy. Ingen menn likar kvinner som synes at likeverd er verdt å kjempa for. Ikkje diskuter, sånn er det. Du vil vel ikkje vera ei av dei knallharde, styggfæle kvinnene? Fram med pusekatten no! Alle i kor: Mjau mjau!! Pjusk snusk!! O store mann, jeg lille kvinne betjener deg som du befaler!! Purr??
2. La håret gro. Det gjer ingenting at du kler best ein snasen kort frisyre, og at håret ditt er relativt pistrete som langt. Langt hår er pr def sexy. Også pistrer. Aksepter. Om han har tendenser til hentesveis allerede i tredveåra.. skryt av han, oi så fint hår du har, nesten litt indianeraktig her på den eine sida.
3. Hår på resten av kvinnekroppen: Fjern alt. Inkludert øyenbryna, dei teiknar du opp igjen med tusj. Dette er feminint. Tullejente, visste du ikkje? Godta at mannen din har hår over heile seg. Han kan ikkje for at han stort sett er ubarbert og har hår på ryggen. Heller ikkje lange nasehår, store duskar i øyrene, og øyenbryn som heng langt ned over naseryggen. Tullejente igjen? Dette ER sexy og maskulint. Kos med øyrehåra og kall han din vesle papillon. Evt din store duskehingst.
4. Vær til ei kvar tid nydusja og velduftande. Ikkje bry deg om at mannen din berre dusjar ein til to gonger i veka, og skifter undertøy like sjeldant. Ikkje nevn dette for han, ein gong eller to er da meir enn nok for ein kar som svettar som ein gris? ( Svette er maskulint.) Skryt av han...å du luktar så MANN!
5. Vær til ei kvar tid velkledd. Unngå for ein kvar pris allværsjakke!! For ein kvar pris! Sjølv om det kan være praktisk. Det gjer ingenting at den mannen du ein gang syntes var eit fruktfat no er redusert til noko som liknar ei innskrumpa nedfallsfrukt i sidræva, slaskete joggebukse. Husk at det er innsida som teller. (Av mannen altså.) Skryt: Å så deilig å sjå at du kler deg komfortabelt.
6. Det er flott at du har ein doktorgrad, men ikkje prat for mykje om det. HØYRER DU: Ikkje prat for mykje!!! Finn deg ei deltidsstilling. Toppen. Om mannen aldri fullførte maskin og mekanikerlinja kommenterer du det aldri. Sei heller: Så fint at du fulgte hjartet ditt! Det er det som gjer at du er der du er no, skattebassen min! Og til den du er! Flink, flink!! Purr igjen.
7. Lag mat til mannen din, ha den helst klar i det han kjem inn døra til det velpleide huset hans. (Husk for guds skuld å være velpleid du og. Han kan ha hatt ein hard dag på kontoret.) Det er jo han som har laga mat til deg dei ti siste åra, er det ikkje? Dei deiligste rettar med viner og tilbehør? Hans tur no. Sei: Endeleg har eg innsett at også eg må laga mat! Det er jo dette som er riktig. Skal det være litt betjening til dessert kanskje? Orker han ikkje, så få det til å virke positivt og mandigt: Åå hingsten min bare lader opp til kvelden ja..
8. Skryt i det heile mykje av han! Av alt han gjer/ikkje gjer. Vær positiv til alt. Forslag: ÅÅÅ åå kor flink du er å sjå fotball på tv! ÅÅåå kor flink du er til å drikka øl! Så flink du er til ikkje å rydda opp etter deg! Å så flink du er til å væra sur når fotballaget "ditt" taper! ÅÅå så flink du er! Ser du? Alltid noko å skryta av. Garantert stemning.
9. Lytt! Det vil seie: Hold kjeft og la mannen snakka. Det var det der med den høgskuleutdanninga.. Er det så viktig? Du er vel ikkje karrierekvinne vel? Du har jo tross alt eit prakteksemplar av ein norsk mann å ta deg av.
10. Betjen hannen din seksuelt. Lær deg å tilfredstille han på ein hvilken som helst måte han kan tenke seg. Lev opp til hans fantasier, ikkje dine. Viktig at hannen er tilfreds, veit du. Men ikkje les om samleiestilingar i dameblader, dei er ikkje bra dei der damebladene.. står altfor mykje om samleiestillinger der. Skulle stått mykje meir om moral og truskap. Kor du då skal lære? Herregud, bruk fantasien, jente! Det står mykje bra i herremagasina, ein heilt anna kvalitet over dei... står sikkert mykje om moral og truskap der også. Ikke les bøker som "Jenter som kommer" den har altfor stort fokus på kvinnelig nytelse. Gløym aldri: Fokus skal vera på mannen. Still opp når han er kåt. Og server han øl etterpå.
11. Overhøyr alltid kommentarane som kjem gryntande frå godstolen, etter at han har påpeikt at du har jammen lagt deg litt vel mykje ut i det siste..: "Jajaja... Julia Roberts ja.. smattsmatt... det hadde vært noko det.. Den jenta veit å halde seg SPREK!" Hold for deg sjølv tanken som smyg seg inn da.. den om at Julia Robersts neppe hadde tent på ein halvfeit, svett fyr i slaskete joggebukse. Prøv å skyv vekk tanken på at du etterkvart innser at du blir meir og meir enig med Julia. Han er jo eit skikkelig mannfolk?.. var??
Til slutt:
12. Har du ein mann der du må bruka overnevnte triks på for å få i godlune, bytt han ut fortare enn svint. Du har nemlig fått deg eit prakthanneksemplar av arten SYTUS NORWEGICUS. De ser freistande ut i utgangspunktet, men taper seg fort til ballekløande, fingerluktande, tvfotballtittande, øldrikkande, halvfeite, storforlangande, gryntande, sure gubber som er så usexy at du aldri aldri har lyst til å feia over dei hverken på den eine eller den andre måten. La dei bli sittande der i godstolen sin, og spring ut og finn deg et stykk SPRECUS KLOKUS NORWEGICUS. Dei finnes gudskjelov dei og i dette landet. Og veit du? Dei tykkjer til og med at dei raude strømpene dine er sexy. Takk for det!
Har du nokon fleire gode råd, så kom gjerne med dei.
( Illustrasjonen er av den særskilt begåva Tuva Thorsø Kruttdesign )
(Eg gjer lesaren merksam på at denne bloggposten ikkje er basert på erfaring med eigne utvalgte menn. Den er ein kommentar på Hanne N Herland sine uttalelser i media våren 2009. Ironi er brukt som ein slags forsterkande effekt)
